![]() |
||||||||||||
![]() |
![]() |
|||||||||||
![]() |
||||||||||||
![]() |
||||||||||||
| Budeiene Hans er odelsgut på garden Brimi. Hans er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var sjef. I og med at bestefar var spelmann, er det naturleg at Hans også spelar fele. Folkemusikken har alltid vore ein viktig del av sæterlivet. Ola er sambuar med Hans og murar av yrke. Ola har bygd det meste av det nye ysteriet, og han gler seg til å ta det i bruk. Etter fleire kurs i ysting blir det nok ikkje så mykje tid til muring om sommaren lenger! Marit er 12 år, og datter til Ola. Ho har ansvaret for alle dyra og rensking i fjøset. Det er meir enn nok å passe på! Embjørg Brimi har passert 80 år og har vore budeie ved Tesse-vatnet i over seksti somrar. Ho er framleis med på sætra ei periode om sommaren. Ho har vore vår læremeister og er av dei få som kan hjelpe oss å føre gamle sætertradisjonar vidare, for den siste generasjon bønder har dessverre ikkje vore spesielt flinke til å ta vare på tradisjonen rundt foredling av mjølk. |
![]() |
|
||||||||||
![]() |
||||||||||||
|
||||||||||||
| ©Brimi
Sæter |
||||||||||||