Attende










Dyra

Kyr
I år har vi 25 mjølkekyr på setra.
Desse er ute på fjellbeite om dagane og går inne på kveene om natta. Dei blir mjølka morgon og kveld, og nesten all mjølka blir foredla i ysteriet vårt. Vi har i hovedsak NRF ( Norsk Raudt Fe) men arbeider nå med overgang til gamle norske raser som har bedre eigenskapar både til utnytting av fjellbeite og mjølkekvalitet til ysting.


Kalvar
Vi har som regel med dei 2-3 minste kalvane til sæters.
Dei får gå på inngjerda område ved setra og får fersk god sætermjølk kvar dag.

Grisar
Dei hadde ofte med nokre grisar på setra før i tida. Desse gjekk fritt og kunne ofte gå seg lange turar i fjellet. Vi har ca 10 grisar som går i eiga inngjerding ved setra. Dei blir fora på bygg og myse frå osteproduksjonen. I tillegg likar dei å grave i jorda. Grisane er også glad i å bade i bekken. Vi slepp som regel grisane fritt nokre gonger på seinsommaren. Da går dei lange turar og kosar seg med bær og sopp.

Geit og sau
Bukken Truls har vore med oss i mange somrar og han har ofte med seg killingar og nokre lam som selskap. Desse går fritt rundt på setervollen og er glad i å bli kosa med. Killingane er ikkje så lett å halde styr på og kan vera til irritasjon for oss mang ein gong, men samtidig er det noko heilt spesielt med geiter som gjer at det er vanskeleg å vera sint på dei!



Høner og ender
Vi har med ein liten hønseflokk som held oss med egg om sommaren. Dei går fritt rundt om setra. Endene har eigen dam i bekken.

Hest
Vi har ofte hest på beite frå ”Hest til fjells” som arr. rideturar i området.

I tillegg har vi hund, katt og kaniner. Ofte har vi kattungar om sommeren.
Vi er så heldige og ha eit fast tårnfalk-par som har reir under låvetaket. I juli ser vi ofte fugleungane sole seg på kanten av reiret før dei flyg ut.











©Brimi Sæter