Dyra på Brimi seter


Fjellbeitet handlar om å utnytte alle tilgjengelege ressursar for fôr og matproduksjon. På setra er samspelet mellom folk og buskap tett. Her blir husdyr fôra og mjølka tidleg og seint, og set stor pris på tobeint besøk. Kan hende ser du eit glimt av hulderfolket og?

TIL SETERS FOR Å…

HelsE på dyra på BRIMI setER

Kvart einskild dyr på setra er viktige for oss, og kvar enkelt fortener å leve eit godt liv. På setra får dyra god plass, frisk luft og kjeldevatn, rikt beite og godt stell. Du er velkomen til å helse på mange av dyra – og gjerne lære om liva deira på infotavlar omkring på tunet.

Katt på Brimi Seter

Katt

Vi har som regel minst ei gardskatte på Brimi, til både selskap og nytte. Katten sitt ansvar er å halde setra fri for mus. Kjem det kattungar til gards på våren, blir dei og med oss til seters.

Hund på Brimi Seter

Hund

Gardshunden vår Tessa er alltid med på setra om sommaren.
Ho er av rasen norsk buhund, og har som oppgåve å passe på hus og buskap. Særs glad i folk og aldri meir nøgd enn om ho blir kasta ball til.

Hane på Brimi Seter

Hane

Overnattar du på setra, kan det godt hende du blir vekt tidleg. Hanen vår tek nemleg jobben sin alvorleg. Dessutan passar han godt på høner av mange rasar. Hønene går fritt på tunet og gir deg nydelege egg til frukost.

Ei ku på Brimi sæter

URKyr

Halvparten av kyrne våre er av gamle norske kuraser. Dei gamle rasene er ekstra flinke til å utnytte fjellbeitet. Mjølka deira har ei heilt egen kvalitet som er interessant i ystinga. Smøret blir gulare og osten får rikare smak.
Du vil sjå kyrne på beite kring setra, og er du heldig får du oppleve mjølking i fjøset – og kan sjå mjølka bli foredla og modna til prisvinnande Seterost.

Kalvar slappar av på Brimi Seter

Kalv

Dei yngste kalvane på garden, tek vi med oss til fjells om sommaren. Kalvene er av norske urraser som dølaku, sidet trønder, nordlandsfe og vestlandsk fjordfe. På setra får dei beite på særs næringsrike spirar og fjellurtar som gror fram så snart vinteren slepp taket i fjellheimen kring oss. Topptrimma blir kalvane og av all høgdetreninga.

Nette 3 griser nyt sommarsen på Brimi Seter

SÆTERGRIS

Vi har ein stor flokk med kring 50 grisar, som går fritt på fjellbeite heile sommaren. I tillegg til alt det gode dei finn å ete i naturen, har dei tilgang på kraftfôr. Dei svineheldige grisane i Brimiskogen får og ete mysa som blir til overs etter ysting – noko du kjenner på smaken. Frå grisen får vi spekeskinke, pølse og juleribbe.
Grisene finn du inngjerda på setra og langs setervegen ned mot Garmo.

2 flotte gamlerasa sauer på Brimi sæter.

SPÆLSAU

I fjellet har vi kring 60 sauer og lam på beite, nokre går og ved setra. Sauene er av rasa gamalnorsk spælsau.

Moskusender på Brimi Seter

moskusand

Moskusanda er opprinneleg frå Sør-Amerika, men med tida har dei kome til Europa og Noreg. Vi har med oss nokre på setra, fordi dei er fredelege, stadfaste og trivelege setergjester.

Påfugl på Brimi Seter

påfugl

Gløym folk, jotner og huldra – på setra er det påfuglen som brusar mest med fjøra. Fargerik, vakker og temmeleg viljesterk er påfuglen ein underhaldande primadonna mellom hardtarbeidande seterfolk.