SETERHISTORIA

Å, eg veit ei seter – men ingen som denne


Funn av hustufter og fiskereiskap fortel at fjellvatnet Tesse og fjellheimen kring har vore ei ettertrakta matfat attende til steinalderen for 8000 år sidan. I vikingtida skreiv sjølvaste kong Olav Heilage seg inn i seterhistoria, då han ga eineretten til aurefisket i fjellvatnet Tesse til eit tital gardar i Garmo mot at dei let seg kristne og bygde kyrkje i bygda.

I dag er seterlandet kring Tesse vidareutvikla til ei særsprega og smaksrikt reisemål under fana Brimiland. Setra, vår nabo fjellstugua og Arne Brimi sitt Vianvang formidlar saman og kvar for oss lokal matkultur og seterhistoria.

SeTERHistoria

VeRdifull kulturarv


Å gå til fjells med husdyra på sommarbeite har vore ein viktig del av norsk landbruk i fleire hundreår. Seterdrift er ein viktig del av den norske kulturarven.

Steinalder

Kor lenge det har vore folk, fe og liv på Brimi Seter er vi ikkje heilt sikre på, men naturen har gjennom fleire tusen år lagt til rette for at folk kunne leve her. Fjellvatnet Tesse har alltid vore sett på som eit spesielt godt fiskevatn. Fleire stader rundt vatnet er det funne buplassar frå steinalderen.

7000 år gamalt ørretfiske

På botten av fjellvatnet Tesse kan ein ved låg vasstand sjå restane av store fiskefangstanlegg. Treverket som fortsatt står att er datert til å vere 7000 år gamalt – og er med andre ord bygd i eldre steinalder. Les meir >>

Eldste skoa i Noreg

Hausten 2006 smelta ei gamal lærsko fram av ei snøfonn kring 2000 moh på fjellet Kvitingskjølen ovanfor Brimi Seter. Skoa vart funnen av lomveren Reidar Marstein og viste seg å vere 3500 år gamal – og med god margin Noregs eldste sko. Grunnen til at skoa vart funnen så høgt, var at steinalderfolk jakta rein på snøfonnene i sommarvarmen.

Skinnskoa frå Kvitingskjølen - den eldste som er funnen i Noreg.
Skinnskoa frå Kvitingskjølen – den eldste som er funnen i Noreg.

Brimi Seter

Brimi seter har vore i tradisjonell drift så lenge folk kan hugse. Huset vi kallar Gamle seterstugu er truleg frå 15–1600-talet og har opp gjennom århundra husa både budeier, tenestefolk, hulder og tussefolk.

Sjølve bur vi på setra frå slutten av juni til slutten av september kvart år. Vi mjølkar kyrne to gonger om dagen og foredlar sjølve mjølka til ost og andre seterprodukt, nett som i generasjonane før oss.

Fossane i Tesse måla av Hans Gude i 1848.
Fossane i Tesse måla av Hans Gude i 1848.

Vinterlego på setra

Vinterlego – den særskilde tradisjonen med setring midtvinters – var meir vanleg i Vågå enn nokon annan stad i landet. Vinterlego vart gjennomført fram til til 1930-åra. Det var mykje enklare å flytte til setra med buskapen midtvinters enn å kjøre den lange vegen heim med fôret. Seterfolket reiste difor til fjells med kyrne i fyrste halvdel av november og var der til ut i februar. Så lang var setervandringa for mange gardar, at dei låg over på ei kvileseter på vegen – ein spanande del av seterhistoria.

Vinterbilde Nordsetra og Brimi Seter

Smaken av seterlivet

Livet på setra har endra seg mykje gjennom historia. Før mjølkebilen kom, vart all mjølk foredla på setrene. Det vart laga smør og surmjølksostar, som pultost og gamalost, fram til brunosten kom for fullt på slutten av 1800-talet. Kvite lagringsostar vart mest laga til eige bruk. Desse ostane tok ein gjerne med heim på garden og åt av gjennom vinteren. Det var vanleg å lagre kvitosten i kornbøla. Der heldt osten seg godt.

Under 4-rettars Skråpå-tå meny, som inngår i alle pakker vi tilbyr på Brimi Seter, vil du få høyre meir om den spanande historia til Brimi seter og Tesseområdet.

Ola og gamlebudeia på Brimi Seter, Embjørg Brimi


EMBJØRG – Inspirasjon og MENTOR I SEtERHISTORIA  

Embjørg Brimi (1927 – 2022) var budeie ved fjellvatnet Tesse nesten 60 somrar. Ho var vår store inspirator. Setra hadde ikkje vore det same i dag utan kunnskapen og inspirasjonen Embjørg ga oss. Embjørg tok opp at den gamle tradisjonen med separering og ysting på Brimi seter på 1980-talet. Ho lærte oss mykje om dei gamle produkta som vart laga på setra. I 2006 fekk Embjørg Kongens fortjenestemedalje for arbeidet som budeie gjennom eit langt liv.

Det er med takksemd og vemod vi ber med oss minna om vår store inspirator, gamlebudeia Embjørg.

Bestefar Hans W.
og huldra

Bestefar Hans W. Brimi (1917-1998) var gardbrukar og spelmann

SPELEMANNEN

Hans W. er rekna som ein av dei fremste folkemusikerane på 1900-talet, både som utøvar og formidlar. Han spelte inn musikk i NRK så tidleg som i 1933. Landskappleiken vann han 13 gonger. Hans W. mottok fleire utmerkingar, mellom anna Kongens fortjenstmedalje i gull.

Hans W. komponerte eit stort antal leikar sjølv, inspirert av setra, naturen, huldra og tussefolket her. Annbørg Lien har laga ein eigen slått til Hans som ho har kalla W.

TURISTVERTEN

Det var nett bestefar Hans W. som tok initiativ til å vise fram setra og livet her til turistar og gjester. Hans fortalte gjestene om å vere gjetargut, om det viktige arbeidet budeia gjorde for garden – og om huldra. Vi såg at dei gripande historiene, i kombinasjon med feleslåttar, gjorde inntrykk på både yngre og eldre. Dette har vi freista å dyrke og utvikle vidare.

HULDRA OG DEI UNDERJORDISKE

Hans W. var ofte på setra, særleg etter at han tok til å komponere leikar. Barndomen på setra og sogene om huldra var til inspirasjon når han laga leikane sine. Han trudde som så mange andre av den gamle setergenerasjonen på huldra og dei underjordiske; Hadde vi omtanke for dei, ville dei stelle godt med dyra og setra. Det var rett og slett gamaldags overtru. I seterstugu fann bestefar Hans W. ro, her sat han ved peisvarmen og leika med tonar og klangar.

Bestefar og spelemann Hans W Brimi

Bestefar Hans W. er eit stort førebilete og framleis til stor inspirasjon for oss.