Attende










Hans W.Brimi

” Bestefar” Hans W Brimi var gardbrukar og spelmann. Han har reist mykje i inn- og utland med fela og formidla folkemusikk. Han gav ut fleire plater og det er skreve to bøker om han.

Han fekk fleire utmerkelser. Mellom anna Kongens Fortjenestemedalje i gull.

Annbørg Lien har laga ein eigen slått til han som ho har kalla ”W”.  Han laga også musikk sjølv, inspirert av sætra, naturen rundt og huldra og tussfolket.

Det var bestefar Hans W som tok initiativ til å vise fram sætra og livet der til turistar og gjester. Han fortalte gjestane om å vera gjetargut, kor viktig arbeidet budeia gjorde var for garden og om huldra. Dette i kombinasjon med felslåttar såg vi gjorde inntrykk på både yngre og eldre og ikkje minst oss sjølve.

Dette har vi prøvd å ta tak i og utvikle vidare, og bestefar Hans er eit stort forbilde og fortsatt til stor inspirasjon for oss.















©Brimi Sæter