olaost

Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Lær om ysting

I det moderne ysteriet vårt på Brimi sæter lagar vi rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost.

Under NM i gardsost september 2016 fekk vi fleire medaljar for produkt som er laga her:
GULL: Sæterost 2015 og sætersmør
SØLV: Sæter-rømme
BRONSE: Nøkkelost 2015
Sæterost 2016

Sætermjølka er ei mykje finare råvare enn vanleg kumjølk. På grunn av høgfjellsbeitet får mjølka ein heilt eigen kvalitet. Vi merkar det tydeleg på smøret som blir gulare og osten som smakar meir. Vi har mange kyr av gamle kurasar. Desse er ekstra flinke til å utnytte fjellbeitet, og den særmerkte mjølkekvaliteten er  viktig for ystinga.

Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg.

Ysteriet har også eigen modningskjellar, der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren. Her blir luftfuktigheit og temperatur regulert naturleg, fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde.

Lær om ysting

Du kan følge heile prosessen – frå mjølking og ysting til lagring i modningskjellaren.

Mellom låven og ysteriet har vi sett opp store vindauge, slik at du kan følgje med på prosessen, og lese gangen i denne på informasjonstavle ved sida av. Kanskje klarar du å finne ut kvar i prosessen dei er i ysteriet når du står og ser på?

Du har og anledning til å sjå ostelageret vårt. Vi har besøksrom ved sida av modningskjellaren, med vindauge, slik at du som er gjest kan sjå det ferdige produktet, og osten som ligg til lagring.

Og resultatet kan du smake på setra, under frokosten, under middagen, eller kjøpe med deg heim.

Det å oppleve Brimi Sæter skal vere eit steg inn i ein levande kultur der seterlandskap, beiting, mjølking, ysting, og smak er viktige element. Vi ynskjer at setra skal vere ein læringsarena ved at alle som ynskjer får ta del i denne viktige historia og i den levende kulturen.

_MG_5422 Meieribestyrar Ola. Foto: Audun AAgre Sæter

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Likar du vaflane våre?

Skriv inn fornamn og e-post, så sender vi oppskrifta til deg.

Frå gjesteboka

  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag