Velkomen
Om setra
Ysteri og gardsmat
Mat og oppleving
Overnatting
Kva skjer
Kontakt oss


Historie

Brimi Sæter har vore i tradisjonell drift så lenge folk kan hugsa og det ynskjer vi at den også skal vera i framtida. Gamle sæterstugu er truleg frå 15-1600-talet, og har gjennom tida husa både budeier, tenestefolk, hulder og tussefolk. Vi bur på sætra med dyra frå slutten av juni til slutten av september kvar sommar. Vi mjølkar kyrne to gonger om dagen, og foredlar mesteparten sjølv.

I tillegg til 15 mjølkekyr har vi med hest, kalvar, grisar, killingar, kopplam, høns, gjess, ender, hund og katt, og vi er ganske sikre på at dyra trivst like godt på sætra som oss.
Sæterdrift - å ta med seg dyra på fjellbeite sommarstid - har vore ein viktig del av norsk landbruk i fleire hundreår, og er ein viktig del av den norske kulturarven. Kor lenge det har vore liv på Brimi Sæter er vi ikkje heilt sikre på. Det er funne steinalder-plassar fleire stadar rundt Tesse, som i all tid har vore sett på som eit spesielt godt fiskevatn. Her har naturen lagt til rette for at folk kunne leve i fleire tusen år.

Livet på sætra har endra seg mykje gjennom historia. Før mjølkebilen si historie, vart all mjølka foredla på sætra. Det vart laga smør og surmjølksostar som pultost og gamalost heilt til brunosten kom på slutten av 1800-talet. Kvite lagringsostar vart mest laga til eige bruk. Desse tok dei med heim på garden og åt av gjennom vinteren. Det var vanleg å lagre kvitosten i ”kornbøla”. Der heldt den seg godt.

Les meir om:

Budeiene  Dyra   Hans W.Brimi  Embjørg Brimi  Låven




Huldra og tussfolket er det mange historier om på Brimi Sæter. Ho har til og med sin eigen bås i fjøset der våre kyr ikkje vil finne roa. Kanskje er det ting mellom himmel og jord som vi menneske ikkje kan forklare…