Seterkafé og lokalmatbutikk

Brimi seterkafé er open alle sommardagar kl 11.00-18.00
Varmrettar frå kl 13.00

Vår og haust er seterkaféen open i helgene frå kl 13:00 – 17:00


Å samle seg kring dampande matfat på tunet, i godt lag med folk og fe medan sola står høgt over lokkande stortoppar i Jotunheimen. Kan livet bli betre enn på seterkafé?

På Brimi byr vi på mettande rettar tufta på mjølk, kjøt og bakst frå eigen seter i kafé og butikkutsal.

Smakebitar frå BRIMI SETERKafé


Fristande ferske setervaflar med tilbehør av bær og rømme.

Nysteikt setervaffel med heimelaga tilbehør

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Våre vidgjetne vaflar er for mange sjølve smaken av seter, fjellheim og Brimiland.

Fristande kjøtsuppe med mykje godt oppi.

God gamaldags kjøtsuppe med heimelaga brød

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Bondekost på sitt aller beste. Kjøtsuppe med hardbrød har metta mang ein døl – nå er det din tur.

Tallerken med rømmegraut og saft til.

Rømmegraut av vår eigen seterrømme

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Stuttreist smaksbombe med rømme frå dei lykkelege kyrne på Brimi Seter.

Fat med god spekemat og vår eigen sæterost.

Spekemat og smak av seterost

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Utan mat og drikke dug helt og fjellvandrar ikkje – og lite gir betre bør i bakken enn spekemat og ost frå setra.

Tallerkner med pizza frå Brimi Seter

Steinovnsbakt seterpizza

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Italiensk bondekost steikt i steinomn – toppa med våre eigne råvarar og prisvinnande Seterost. På utvalde dagar.

På setertunet kan du kose deg med mykje godt i seterkafeen vår på Brimi sæter.

Anna varm dugurd

xxx/ xxxx/ Vxxxxx

Budeiekost på tradisjonelt vis. Dugurd var frå gamalt eit varmt måltid servert for seterfolk på formiddagen med råvarer etter sesong og tilgang.

Hans og Ola bak disken i seterbutikken.

Seterbutikk

Ope ALLE SOMMARdagAR kl 11.00 -18.00.

Helger VÅR OG HAUST
kl 13.00 -17.00.


Smakebit med heim frå Jotunheimen? Seterbutikken byr på lokale matprodukt frå eigen gard, setra og andre driftige og dyktige lokalmatprodusentar i matfatet Gudbrandsdalen.