Attende










Sætergris og storfe
Ved sidan av osteproduksjon prøvar vi å utnytte andre gode råvarer på garden til foredling.

Sætergris
Vi får mykje myse som blir eit restprodukt frå ystinga når ostemassa er tatt ut. Dette er fin mat for grisane. Grisene går fritt på fjellbeite og får litt ”bygg-grøype” i tillegg. Vi leverar ca 10 grisar som nisjeslakt om hausten. Her sel vi halve slakt, evt ferdig oppdelt og pakka. Juleribba av sætergrisen har for oss blitt eit av høgdepunkta i jula. Det vi ikkje sel til kundar brukar vi til servering på setra. Skinkene sender vi til Vidar Heggebotten i Skjåk som lagar spekeskinker som vi serverar og sel 2 år etter.
Ta kontakt om du er interessert i å bestille sætergris!

Storfe

Ein del storfe vi sender til slakt får vi laga spekepølse av. Annis Pølsemakeri på Ringbu er kjend for god spekemat og har vunne fleire prisar. Ho lagar pølser etter våre oppskrifter.
Vi har to typer spekepølse:
  - ”Embjørg”, oppskrift etter gamlebudeia vår.
  - ”Kari”, oppskrift etter Kari Holø (husstellærar i Lom)
Spekepølsene sel vi på setra, gjennom Gudbrandsdalsmat BA og i nokre få butikkar i nærområdet. Vi brukar den også til eiga servering.













©Brimi Sæter