![]() |
||||||||||||
![]() |
![]() |
|||||||||||
![]() |
||||||||||||
![]() |
||||||||||||
| Sæterprodukt Vi produserar tradisjonelle sæterprodukt frå Gudbrandsdalen: - rømme - smør - kjuke (lokal pultost) - fast kvitost (tægerost) Alle produkta er laga av rå mjølk (upasteurisert) Vi har også planar om å lage brunost/prim etterkvart. Vi sel i hovudsak produkta våre frå setra, men det hendar vi er med på Bondens Marked og andre salsmesser. Vi har også nokre av produkta våre på butikkar i nærområdet. Rømme, smør og kjuke er ferskvare som vi har kun i sætersesongen (juli-sept). Fast kvitost har vi salsklar heile året. Råvara er viktig for å lage gode mjølkeprodukt: - Vi ystar ikkje av mjølk som er meir enn 12 timar gamal. - Kyrne er på fjellbeite på dagen, inngjerda kve om natta og har tilgang på friskt fjellvatn heile døgnet. (ein del av bileta er frå Embjørg sin ”gamaldagse” produksjon) |
![]() |
|
||||||||||
![]() |
||||||||||||
|
||||||||||||
| ©Brimi
Sæter |
||||||||||||