Attende










"Skråppå tå"

Historia fortel at den tradisjonelle kvitosten på sætra vart ganske fast under lagring, så dei smelta den gjerne litt i peisen eller omnsdøra før dei åt den. Dette har vi prøvd å lage vår spesialitet av.

Vi har heimsmidde bordpeisar på langbordet, med eigenprodusert lagra kvitost på kvar side. Når osten smeltar, kan du skrape av smelta ost ned på tallerken din. Saman med den smelta osten, serverar vi bl.a. spekeskinke av eigen sætergris, spekepølse av eigne storfe, frisk salat (helst frå Nordigard Aukrust  i Lom) og brød frå Bakeriet i Lom.

Dette er eit fullverdig måltid i seg sjølv, men ofte serverar vi ”Skråppå tå” som ein 3-retter. Da blir det ofte ein forrett med Tesse-aure og ein frisk god dessert.

(Pris frå kr. 350,- pers)














©Brimi Sæter