Velkomen
Om setra
Ysteri og gardsmat
Mat og oppleving
Overnatting
Kva skjer
Kontakt oss




Ysteriet

Sætermjølka er ei for fin råvare til å gå i den store ”tanken” hjå Tine. Vi ynskjer at forbrukaren skal få oppleva produkt laga på setra. På grunn av beite i høgfjell får mjølka ein heilt annan kvalitet. Smøret blir gulare og osten smakar meir! Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg på snart 80 år.

I det nye ysteriet vårt lagar vi rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost. I ysteriet kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge. Ysthuset har også ein modningskjellar der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren. Her blir luftfuktigheit og temperatur regulert naturleg fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde. Vi har også eit rom ved sidan av der du som gjest kan sjå osten gjennom store vindauge.

Sommeren 2007 byggjer vi eit lite utsal der vi sel både eigne og andre lokale produkt.

Les meir om:
Sæterprodukt  Sætergris og storfe  Sæterbue













©Brimi Sæter