skråpå-tå

Signaturmeny | FIRE RETTAR Skråpå-tå

I all verda, ein variant av fransk Raclette i Jotunheimen? Det har seg slik at for eit par århundre attende kom nokre sveitsiske budeier til Brimi Seter – og sidan har kvit ost av rå, upasteurisert ferskmjølk frå kyr på fjellbeite vore sjølve Seterosten på Brimi. Når seterfolket verkeleg skulle kose seg, hang dei osten opp inne i peisen og samla seg til eit festmåltid med smelta Seterost som dei – ganske riktig – kalla Skråpå-tå.

Skråpå-tå er vår hyllest til fjellbeitet, fiskevatna og seterkulturen som har skjenka oss mat og musikk som i dag definerer smaken og tonene av Jotunheimen og Gudbrandsdalen.

SKRÅPÅ-TÅ MENY


Kring heimsmidde bordgrillar ved langborda på låveloftet byr Skråpå-tå på ei stemningsfull og smaksrik oppleving for alle sansar. Til tonene frå fele eller sang, krydra med historiar frå setra, smeltar du sjølv seterost på glørne i lag med gode smakar frå Brimi Seter sine eigne beitedyr. Eit sosialt og særprega måltid vi vonar du vil minnast lenge.

Tallerken med krema fiskesuppe med aure fra Tesse.

KREMA FISKESUPPE

med fjellaure frå Tesse

Fjellauren i Tesse har sidan siste istid fått menneskje til å dra til fjells for å hauste av den framifrå råvara. No er det din tur til å nyte smaken som Kong Olav Heilage gav ti gardar på Garmo einerett til i bytte mot å sette opp ei kristen kyrkje i bygda.

Bordgrillane er eit lokal produkt – smidd av Stig Smed i heimbygda Lom.

SMELTA SeTEROST

med stuttreist spekemat

Når dei flakkande glørne frå bordgrillen varmar fram farge, lukt og smaksrikdom i Seterosten, senkar ein heilt eigen stemning og atmosfære seg over seterloftet. Ute på kvea strekk skuggane seg søvnig, inne er det berre godt å vere til.

Skråpå-tå kring langbordet er ein særs populær og sosial meny anten du kjem heilt åleine, i godt lag eller som større gruppe.

Grilling av kjøtt på ein av bordgrillane på låven.

SeTERKJØT PÅ BORDGRILL

med bakte grønsaker og soppsaus

Ureist urfe, velfødd oksekalv og bortskjemd setergris er nokre av godbitane du gjerne legg på bordgrillen og tallerkenen under Skråpå-tå. Eit minnerikt måltid til å få fjellvatn i munnen av.

Tallerken på rad og rekkje med dessertsmakar.

DESSERTTALLERKEN

med smakar frå fjell og bygd

Rikeleg med sol, godt jordsmonn og låge temperaturar gjer at all bær på setra og i fjellbygdene kring oss får sein modning og enorm smaksrikdom.

Tradisjonsdessert krydra med moderne påfunn – ein sann fest i kombinasjon med feit fløyte eller andre lokale mjølkeprodukt.

Skråpå-tå signaturmeny blir servert kvar sommarkveld, og laurdagskveldar vår og haust.
Fast bordsetting kl 18:30.

Skråpå-tå inngår i all overnatting og pakkar på Brimi Seter. For gjester som ikkje overnatter har vi nokre ledige plassar per bordsetting som kan bestillast i bookingløysinga. (Bestill i god tid for å sikre plass)

Hans spelar ein slått etter bestefar på fela under Skråpå-tå på Brimi Seter

Kulturformidling Under middagen:

SKRÅPÅ-TÅ Krydra med seTERHISTORIAR, SONG og feleslått

Felespel, budeiesong og muntleg historieforteljing høyrer seterkulturen til. På Brimi Seter er samspelet og den gode samtala sjølve essensen i måltidet.

Det var bestefar Hans W. Brimi som tok initiativ til å vise fram setra og livet på setra til turistar og gjester. Bestefar fortalde gjestene om å vere gjetargut, om det viktige arbeidet budeia gjorde for garden – og om huldra. Vi såg at dei gripande historiene, i kombinasjon med feleslåttar, gjorde inntrykk på både yngre og eldre. Dette har vi vidareført og freista utvikle vidare – med bestefar Hans som eit stort førebilete og inspirasjon for både toner og historieforteljing. Bli ikkje forundra om Hans speler opp med fela eller seterdrengen stemmer i ein song under Skråpå-tå.

Pris:

Kr 875,- per pers
eks drikke.


Barnepris:

T.o.m 6-12 år:  Halv pris
T.o.m 5 år : ca Halv pris av barnepris

Til barn som ynskjer, erstattar vi Skråpå-tå med vanleg barnemeny, som kjøttkaker og is til dessert. Same pris.

Skråpå-tå inngår i all overnatting OG
pakkar på Brimi seter

Avbestillingsreglar Skråpå-tå

VelkomEN til seters OG BORDS!