AKTIVITETAR OG FJELLTurAR I JOTUNHEIMEN


Bur det ein Askeladden i deg? Her finn du tips til aktiviteter og fjellturar i Jotunheimen – frå nokre timar til heile dagar. Anten du vil høgt til fjells, dykke i kulturen eller vandre attende i historia. God tur!

TURAR OG AKTIVITETER KRING BRIMI SETER

Nærturar

La bilen stå og ta føtene fatt. Brimi Seter er ei flott base for små og større eventyr til vanns, lands og i lufta med.

seterkos på brimi

Gjer som budeia og husdyra, nyt livet på setra! I tunet herskar ei heilt spesiell ro, Her kjenner du både på levande kulturhistorie og sjelefred. Er du i følgje med små eventyrarar, finn dykk som regel kattungar og mange seterdyr å helse på. Her kan du fylgje ysting via vindauge på låven eller sjå Seterosten bli modna i kjellaren, Vil du ta del i mjølkinga, så spør gjerne i resepsjonen – så ser vi kva vi får til.
PS: Vi har to populære elsyklar til utleige.

Godt å vere til på setertunet ein varm sommardag. Folk kosar seg med kaffe.
Ein fjelltur til Steinbua kan anbefalast om du bur på Brim Seter

Fjelltur til SteinbuE

Opptur! 400 høgdemeter opp frå Brimi Seter mot majestetiske Kvitingskjølen 2060 moh, ligg Steinbue. Ein liten idyll som i århundrer har gitt ly og kvile for fjellfolk på jakt og sanking. Litt sveitt i ryggen blir du nok, men du verda – den fantastiske utsikta mot Tesse og Rondane er vel verdt det. Turen til Steinbue er kring 8 kilometer kvar veg

STRANDLIV VEd TESSE

Syden i steinrøysa! Ein triveleg rusletur frå setra finn du flotte badestrender ved fjellvatnet Tesse. Vatnet er krystallklårt og temperaturen oppfriskande for badenymfer i alle aldre.

2 jenter frå Brimi Seter badar i Tessevatnet ein varm sommardag
Mor og son nyt utsikta frå Veslvassfjellet mot Nordsetrene og Brimi Seter

Fjelltur til Veslvassfjellet

Blir Besseggen for lang? Galdhøpiggen for bratt? Legg fjellturen opp til Veslvassfjellet, ein særs lettgått og luftig fjellrygg mellom fjellvatna Tesse og Lemonsjøen.

Turen til Veslvassfjellet er om lag 4 kilometer kvar veg frå parkeringa. (Rundt 2 km lenger kvar veg om du går frå setra) Turen er fin også om du ikkje når «toppen».

Brimiskogen klatrepark

Utfordringar for alle! Oppe i og mellom furutrea i Brimiskogen Klatrepark blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Her får du oppleva kor sterk du verkeleg er. Styrkande, for både sinn og skinn, som det seg heiter.

Jente slenger seg i tau i Brimiskogen klatrepark. Kun 1 km frå Brimi Seter
2 på elsykkel, flott aktivitet ved eit opphold på Brimi Seter

Tour de Tesse PÅ ELSYKKEL

Tråkk til! Å trø Tesse rundt på sykkel er ein fantastisk tur i nydeleg kulturlandskap, med Jotunheimen som storslåtte kulisser. På setra har vi to elsyklar til utleie.
Er dykk større gruppe, så sjekk ut Bike & Hike Jotunheimen for leige av fleire elsyklar.

Fugletårnet Ved tesse

I Tesseosen eit par kilometer frå Brimi Seter ligg eit unikt våtmarksområde med yrande fugleliv og nytt fugletårn som du er velkomen til å klatre opp i og ta ein kikk frå. Tårnet finn du ned mot vatnet frå Brimiskogen Klatrepark. Fuglelivet er særskild fint å oppleve i skumringa og ved morgongry.

AKTIVITETER SOM KREV BIL

Litt lenger unna

Gratulererer, du har sjekka inn midt i smørauga! Ein stutt biltur frå Brimi Seter finn du ei gullrekke av attraksjonar og aktiviteter i den absolutte Norgestoppen. Bokstaveleg talt.

Galdhøpiggen

Ingen over, ingen ved sidan! Lettgått og trygg bretur over Norges tak til den høgste fjelltoppen i Nord-Europa – ikoniske Galdhøpiggen på 2469 moh. Fin utfart å kombinere med besøk i Lom nasjonalparklandsby.

Turfølgje påtur over brean med guid og opp til Galdhøpiggen

GALLERI Ullinsvin

Kanskje kjem Kongen! Årets sommarutstilling i Galleri Ullinsvin i Vågå er via verdskunstnar Kjell Erik Killi- Olsen og H.M. Dronning Sonja. I galleriet og kunstlåven stillar dei ut skulpturar, billetkunst, grafiske verk, teikningar og keramikk.Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i moderne utstillingslokal og historiske bygningar.

Rafting i sjoa

Vilt, vakkert og vått! Den viltre raftingelva Sjoa blir rekna som den beste i Nord-Europa, og fører deg gjennom eventyrbygda Heidal på irrgrønt brevatn frå Jotunheimen. Eit eventyr til lands, vanns og kan hende i lufta med.

Båt med eventyrlystne turistar i raftingelva i Sjoa
Gjeng testar sykkelløypa på Lemonsjøen

El-sykkeltur & LEMONSJØEN BIKE MOUNTAIN

Topptur med elsykkel? Prøv dei unike flytstiane i Lemonsjøen Bike Mountain! Sjølv dei utfordrande motbakkene til topps går leikande lett med elektrisk terrengsykkel som du kan leige hos Bike & Hike Jotunheimen på Lemonsjøen. Turen ned gir deg ei spanande utfordring uansett kva nivå du er på. Lande gjer du aller best med ein cappuccino hos baristabudeia på Kalven Seter.

KLIMAPARK 2469

Istid! Bli med inn i ein handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. På vegen lærer du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som lev i barske Jotunheimen. Etter turen inn i den unike istunnelen, får du sjå nærare på isbreen Kjelbrean. Turane startar ved Juvasshytta ved foten av Galdhøpiggen – flott å kombinere med fjellturar i Jotunheimen.

Barn kosar seg inne i istunnelen i Klimaparken
Dame matar elg på Glitterjå

Glittersjå fjellgArd

Audiens hos Skogens Konge! Lik ein kongsgard henta rett ut frå eventyret troner vakre Glittersjå høgt og fritt med utsyn over Jotunheimen. Her får du vere med på fôring av elg, gå på oppdagingstur i hareland og bjørneskogen, ri ponni og helse på ei mengd andre gardsdyr.

Lom nasjonal
parklandsby

Norges mest berømte bakeri! Lom nasjonalparklandsby ligg flott til under mektige Lomseggen, og utgjer eit krysningspunkt mellom aust og vest. Eit eventyrleg utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen. Innfalsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen – og i seg sjølv eit ynda reisemål med Bakeriet i Lom, Norsk Fjellsenter, Brimibue, aktivitetspark, stavkyrkje og steinsenter,

Uteserveringa ved Bakeriet i Lom ein varm sommardag. Mykje folk.
Dame glad og tilfreds på toppen av Besseggen

BeSseggen

Besseggen er ein av dei aller største fjellklassikarane i Noreg. Den ikoniske fjellryggen er kåra til ein av verdas 20 mest ikoniske fjellturar av National Geographic. Omgivnadene er storslåtte med Gjende sitt grønne brevatn krinsa av stupbratte fjellsider og majestetiske stortoppar. Eit høgdepunkt blant fjellturar i Jotunheimen.

«Har du sett den Gjendineggen noen gang…?»

VAssport på Vågåvatnet

Stå på vatnet! Hos leikne Vågåvatnet feriesenter kan du leige elektrisk jetboard, SUP-brett, pedalbåtar, kajakkar og robåtar med eller utan motor. Etter leikne timar på vatnet er rusleturen stutt til vakre Vågåmo sentrum med særprega restaurant og mathus med nydelege måltid.

Personar på Jetboard på Vågåvatnet
Søt jente kosar med hundekvalp på Jotunheimen Husky Lodge

Kvalpekos

Vilt, vakkert og voff! Hos våre gode naboar på Jotunheimen Husky Lodge kryr det av turglade trekkhundar – og sumarstid gjerne kvalpar som er særs glade i både folk og kos. Advarsel: Har ungane fyrst fått ein kvalp på fanget, kan dei fort nekte å dra vidare utan ein hund i følgjet.

GlittertindEN

Glitrande val! Dronninga av Jotunheimen er berre nokre få meter lågare enn Galdhøpiggen – og byr på ein heftig nedtur på rompeakebrett i fyrste del av sommaren. Perfekt turmål og for fjellgeiter med stutte føt. Lett å nå frå Glitterheim med leigesykkel inn frå bomvegen.

Majestetiske Glittertind
Flytande badstue på Vågåvatnet

BADSTUA På Vågåvatnet

Ta deg brevatn over hovudet! Vakre Vågåvatnet har den grøne farga si frå smeltande brevatn – og badetemperaturen er deretter. Godt er det, for no kan du leige den flytande badstua på Vågåvatnet og ta kalde avrivingar når du held på å koke over – året rundt. Om du ikkje mister pusten av dykket, gjer du det garantert av fjellheimen og kulturlandskapet kring din flytande badeflåte.

ALPAKKAVANDRING

Du store alpakka! Gå i eitt med fjellheimen og opplev ei indre ro i fantastisk natur i lag med turglade alpakkaer. Alpakkavandring er ei oppleving som høver for alle. Ta ei pause frå kjas og mas, og ta deg ein fjelltur i roleg tempo kring setra der alpakkaene helt til. Ei minnerik oppleving for deg som ynskjer ein fjelltur utanom det vanlege.

Alpakka og turistar på vandring i fjellet

GJENDEBÅTEN

«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Den er halve milen lang…» Peer Gynt imponerer Mor Åse med sine jakthistorier fra Jotunheimen. Henrik Ibsen brukte Besseggen som modell for Gjendin-eggen i sitt verdensberømte skuespill. La naturen inspirere deg til å skape egne historier og minner. Ta Gjendebåtene til Jotunheimen og la eventyret begynne på en av Norges nasjonale turiststier.

GALDHØPIGGEN sOMMERSKISENTER

Ved foten av Nord-Europas høgaste fjell ligg Galdhøpiggen sommerskisenter. Skisenteret er eit av få i Noreg som ligg på ein isbre. Her kan du og familien nyte kombinasjonen av sol, ski og slush-føre om sommaren – i skisenteret som ligg høgast over havet i heile Skandinavia. Sesongen er vanligvis frå slutten av mai til oktober.

FJELLEVENTYRET

Perfekt plassert mellom to av dei flottaste og mest urøyrde nasjonalparkane i Noreg finn du Fjelleventyret. Frå tunet tilbyr lokalkjende guidar rideturar frå nokre timar til fleire dagar for heile familien inn i storslåtte Breheimen, guida toppturer til fots eller på ski til nokre av dei høgaste toppane i landet, og eksklusiv jakt med hestekløv i villreinens rike.

Fleire aktivitetstips?

Sjekk ut desse destinasjonsnettsidene: