Velkome til Brimi sæter 2020!
For english info, click here
(For å sjå resten av hovedmeny, skroll nedover)
Når har vi ope?
VÅRSESONG OG HAUSTSESONG 2020:
VÅR: Midten av mai fram til 19. juni • HAUST: 21. august til ut oktober:
Denne tida tilbyr vi 2 typar helgepakkar eller 1 overnatting med signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå på kveldstid. Overnatting på rom i seterhus eller brisker på låven. Vi serverer skråpå-tå fredag og laurdag kveld kl 19.00 om nokon vil kose seg med god mat ein kveld. Bordbestilling.
Vi tek også imot større grupper og firmagrupper på midtveke ved nærare avtale.
Opphold på Brimi sæter passar godt til ulike familiefeiringar, venneturar og firmaturar.
Også eit flott utgangspunkt, om ein ynskjer å kombinere sosialt samvær og god mat i unike omgivelser, med topptur på Besseggen, Galdhøpiggen eller Glittertind, da vi ligg ca midt mellom, og ca +/- 1 times køyretur til startpunkt for kvar av desse.
Flott natur og moglegheit for fine fjellturar, stutte eller lengre, også rett utanfor døra her på setra.
For bildeinspirasjon og info om bl.a. vegbeskrivelse, sjå google. klikk her
Seterkafeen er ope laurdag og sundagar kl 11- 16 til midten av september.
Link direkte til side for meir info ang Vår/haustsesong: Vår og haustopphold
SOMMARSESONG 2020:
19. juni til 21. august. Ope kvar dag.
Vi tek nå med oss dyra til fjells og opnar opp for overnatting og signaturmenyen vår 4- retters skråpå-tå kvar kveld kl 19.00. Overnatting på rom i seterhus, brisker på låven eller lavo på tunet.
Ope seterkafe/butikk kvar dag frå kl 11. – 18.00.
Dagleg produksjon i ysteriet. Dette kan du få eit innblikk i via vindauge på låven og ved ostekjellaren.
Fleire dyr på setra du kan helse på.
Brimi sæter er også eit flott utgangspunkt for fjelltur på Besseggen, Galdhøpiggen eller Glittertind, da vi ligg ca midt mellom, og ca +/- 1 times køyretur til startpunkt for kvar av desse.
Vi har onlinebooking for sommarsesong, denne blir lagt ut rundt nyttår.
Link direkte til side for meir info ang sommarsesong: Overnatting og pris sommarsesong
For bildeinspirasjon og info om bl.a. vegbeskrivelse, sjå google. klikk her
Velkome til ekte seterliv ved Jotunheimen!