OM BRIMI SETER

Overnatting | Servering | Seterkafé og butikk | Ysting av seterost | Seterdyr


På Brimi Seter – 870 meter over havet i Jotunheimen – lev århundregamle setertradisjonar vidare på særprega og smakfullt vis. Her er du velkomen til å oppleve lys, levande seteridyll med smaksrike måltid, stemningsfull overnatting, levande dyr, prisløna ysteri, seterkafé med lokalmatutsal og eventyrlege opplevingar tilpassa ei ny tid i Jotunheimen – tufta på råvarer, historie og kultur frå setra. Mykje er sagt om Brimi Seter, vi inviterer deg til å oppleve setereventyret sjølv!

SETERFOLKET

Livet på setra er tett samspel og godt lagarbeid. Frå gamalt av var setra samlingsplass for ungdom og evigung, budeier og spelemann, slåttekarar og underjordiske – og like livleg er faktisk setra i dag.

På Brimi Seter er vi heldige som kvar sommar har eit utruleg godt lag av dyktig og driftig lokal ungdom i sving for å före både folk og fe. Slik blir seterkulturen ført vidare til nye generasjonar, mange av dei ivrige formidlarar av kulturarven i ord og toner. Gle deg!

Hans Brimi og Ola Tangvik på setertunet. Vertskapet på Brimi Seter
Hans Brimi og Ola Tangvik på setertunet. Vertskapet på Brimi Seter

Hans og Ola

Hans Brimi og Ola Tangvik er vertskap på Brimi Seter. Hans er odelsgut på heimgarden vår, Brimi i Lom. Kokk av yrke, og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. I og med at bestefar og namnebror Hans W. var spelemann, fann Hans og naturleg fela. Folkemusikken har alltid vore ein viktig del av seterlivet på Brimi – og er det den dag i dag.

Ola var tidlegare gift med Hans og er murar av yrke. Ola har vore byggmeister for dei nye prosjekta på Brimi seter. Han har lært seg kunsten å yste, og på setra kan du følgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager.

Kor storfelt det er å ha eit rike som dette. Her finn ein alt. Rik natur og eit miljø som byggjer på tradisjonar, for ikkje å gløyme den freda ein kjenner både inne i seg og kring seg. Nettopp her får ein opp augo. Lat meg så få ynskja at seterstulen er liv laga, og at vi med liv og helse kan få gleda oss i lang tid over denne rikdomen.
Bestefar og spelemann Hans W Brimi
Spekemat
Rom i seterhus.
Pakker med sæterosten vår.
Gris og ku på seterkvea.
Nett pusekatt på setra.
Smelta sæterost frå Brimi sæter.
Innsyn i ostelageret på setra.
Flott ku av gamal rase på Brimi sæter