Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Dyr på tunet

 

Alle dyra på setra er viktige for oss, og kvar enkelt fortener å leve eit godt liv. På setra får dei god plass, frisk luft og godt stell. Du er velkomen til å helse på mange av dei!

Kanskje får du sjå kvar mjølka kjem frå?

( Kva for dyr som blir med til seters i sommar 2019 er ikkje bestemt enda)

Katt

Vi har som regel minst ei gardskatte på Brimi. Får dei kattungar, er det som regel om våren. Om så, blir dei med oss til seters. Kattane har ansvar for å halde setra fri for mus.

Hund

DSC_0184

Gardshunden vår Tessa er alltid med på setra om sommaren.
Ho er av rasen norsk buhund, og har som oppgåve å passe på hus og buskap.
Ho er veldig glad i folk og elskar feks å bli kasta ball til.

Tessa si bestemor, Tatri, er vår andre hund. Ho lever pensjonisttilværelsen nede på garden i bygda saman med Hans sin far, som også er pensjonist.

Tatri har mange somre på setra bak seg og ynskjer nå meire ro.

Høner og hane

Vi har høner i mange forskjellige rasar og variantar. Dersom du overnattar på setra, kan det godt hende du blir vekt tidleg. Hanen vår tek nemleg jobben sin som vekkarklokke alvorleg. Dessutan passar han godt på hønene. Hønene går fritt på tunet og gje oss nydelege egg, som du kan få smake til frukosten din og i anna matlaging.

Kyr

_MG_5025

Halvparten av kyrne våre er av gamle norske rasar. Vi har både dølaku, sidet trønder, nordlandsfe (STN) og vestlandsk fjordfe. Dei gamle rasane er ekstra flinke til å utnytte fjellbeitet, og mjølka dei gir er ekstra interessant i ystinga. Mjølka får ein heilt eigen kvalitet. Smøret blir gulare og osten smakar meir.
Du vil sjå kyrne på beite ved setra, og er du heldig får du oppleve mjølking i fjøset som skjer 2 gongar for dagen.

Kalvar

Dei yngste kalvane på garden, tek vi med oss til fjells om sommaren.

Setergris

20140816_130332_Richtone(HDR)

Vi har ein stor flokk med grisar, ca 50 stk, som går fritt på fjellbeite heile sommaren. Dei kosar seg med alt det gode dei finn å ete i naturen. I tillegg har dei tilgang på kraftfor og myse. Frå grisen får vi mellom anna spekeskinke, pølse og juleribbe.
Grisene kosar seg i skogen ca 1,5 km frå setra, attmed setervegen ned mot Garmo, men det går også nokre inngjerda på setra.

Tårnfalk

Vi er så heldige å ha eit fast tårnfalk-par som har reir under låvetaket kvart år. I juli ser vi ofte fugleungane sole seg på kanten av reiret før dei flyg ut.

Sau av gamal rase og geit

DSC_0628

Vi har ca 60 sauer og lam oppe i fjellet, som du kanskje kan møte på om du går på tur. Desse er av rasen gamalnorsk spælsau. Nokre går også ved setra sommarstid.
Vi har også ein fin geitbukk på garden, som har mange somre på setra bak seg. Denne lever nok nå mest sannsynleg pensjonistenes dagar heime på Brimi.

 

Moskusand

Moskusand er opprinnelege frå Sør Amerika, men med tida har dei kome til Europa og Norge. Vi har med oss nokre på setra, fordi dei er fredelege, stedfaste og hyggelege.

Hest

Det kan skje at nokre av jentene som jobbar sjå oss på setra, tek med seg hesten sin på fjellbeite.
Om hesten er med på setra, og det passar seg slik, er det sikkert høve til å spørja om ein liten ridetur for barn.
(Men vi har ingen hest fast på setra om sommaren, så ingen garanti…)

 

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Likar du vaflane våre?

Registrer deg for vårt nyhetsbrev, så sender vi oppskrifta til deg.

Ja takk!

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo