Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Aktivitetstips

Skulle gruppa di hatt inspirasjon til aktivitet på laurdagen,  har vi satt opp nokre punkt til ting vi meiner er verd ei vurdering i området rundt oss og i Lom/ Vågå/ Jotunheimen.

Topptur

Forslag kan vere tur på Besseggen, Glittertind, eller nå toppen av norges høgaste fjell, Galdhøpiggen.
Utgangspunkt for desse 3 turane er ca 1 times køyretur++  frå setra.
Mange kombinerer eit opphold hjå oss med ein tur på ein av desse toppane.
Ved tur på Galdhøpiggen er det satt opp faste daglege turar med guidar frå Juvasshytta. Ta gjerne kontakt med dei for å høre om når på året dei arrangerer turar, pris, og når det er best med ein tur på toppen. Dei som jobbar der veit best når Galdhøpiggen er på sitt beste, og verste. Været her forandrar seg fort. Her kan du lesa om tur på Galdhøpiggen og prisar og tid for guiding:
Visit Jotunheimen
(Pris på guiding er tillegg til pakkeprisen.
Betalast på Juvasshytta.
( God matpakke til turen erstattar da lunsjen på setra laurdag.)

Tur til Steinbua

Er det ynskje om ein tur med utgangspunkt frå setra, vil vi anbefale Steinbua. Dette er ein tur som passar dei fleste. Flott natur og utsikt. Steinbua er ei lita bu og her kan ein gå inn for å eta feks nista og sleppe unna dårleg vær.
2- retters lunsj på setra når dykk kjem heim att frå tur. (Evt be om større matpakke om dykk heller ynskjer dette.)
Det er ca 4 km og 300 høydemeter å gå til steinbua. Gåturen tek ca 2 timar kvar veg. Vi har turkart på setra.

Havørju

Ein litt enklare tur frå setra, er over fjellet Havørju. Gåturen utan lunsjspause tek ca 1, 5 -2 timar.
2- retters lunsj på setra når dykk kjem heim att frå tur. (Evt be om større matpakke om dykk heller ynskjer dette.)
Fin utsikt også på denne turen, og i tillegg kan dykk stoppe og helse på utegrisane våre, om dei er på plass.

Klatring i Brimiland klatrepark

Ein tur i Brimiskogen klatrepark kan vere ein artig og aktiv aktivitet for den som meistrar å klatre i høge tre. Her er løyper i alle vanskeleggrader og for alle aldersgrupper.
Her får ein virkeleg utfordra seg sjølv:) Klatreparken ligg ein liten rusletur frå setra, ca 1 km.
For meir info om klatring, opningstidar og pris, sjå her
( Tillegg til pakkepris, betalast i klatreparken)
2- retters lunsj på setra når dykk kjem attende. (Evt be om større matpakke om dykk heller ynskjer dette.)

Lom sentrum

Mange ynskjer seg eintur ned til sentrum i Lom. Her er det mykje å sjå for den som er kulturinteressert, som feks Norsk Fjellmuseum, Lom Stavkyrkje eller Steinsenteret.
Sjekk med turistinformasjonen om når desse evt har ope.
Les om ting som er verdt å sjå i Lom her
Lom er kjent for god mat, så her er anledning til å kose seg på mange kafear, som feks Smak i Lom, eller det nye spisestedet Brimibue, som Arne Brimi er medeigar av. Dette opna sommaren 2017.
For dei fleste som er innom Lom, er det eit must og innom vårt kjente bakeri, Bakeriet i Lom, før dei forlet bygda.
( Nabo til Smak i Lom)

Frå gjesteboka

  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag