juleSkråpå-tå

HYLLEST TIL VINTERLEGO | fem RETTAR

Kring heimsmidde bordgrillar og langbord på låveloftet byr Juleskråpå-tå på ei stemningsfull og smaksrik oppleving å kome i høgtidsstemning av. Vi smeltar vår eigen ost, og bordgrillar med mange gode smakar frå våre eigne beitedyr. Historier frå setra fortald av Hans eller Ola høyrer med. Skråpå-tå meny er til vanleg 4- retter, og denne kan du lese meir om her. Under Juleskråpå-tå vil tilbehøret vere meir julerelatert, og vi serverer velkomstdrink og ein ami med julesmakar i tillegg.
Eit sosialt og særprega måltid vi vonar du vil minnast til langt over jul.

Overnatte?

Velkommen til ei triveleg førjulstid på Brimi sæter! Nyt gode stunder saman med gode vener!

Vi serverer ein 5-retters «Jule-skråpå tå meny» med julepreg kl. 19. Denne er inkludert velkomstdrink.

Kos deg med ein sosial kveld i hyggeleg lag, gjerne med noko godt i glaset, og avslutt kvelden i ei av dei gode sengene våre på setra. God seterfrokost med mykje godt heimelaga før heimveg.

Pakkepris for overnatting, inkl oppredd seng, frokost og 5- retters skråp-tå meny inkl velkomstdrink: Kr 1900 per pers.

Langbordet på låven på Brimi sæter ferdig dekka for 4- retters skråpå-tå meny.
HYllest til

Vinterlego

Vinterlego – den særskilde tradisjonen med vintersetring – var meir vanleg i Vågå enn nokon annan stad og heldt seg fram til 1930-åra. Det var mykje enklare å flytte til setra med buskapen midtvinters enn å kjøre den lange vegen heim med fôret. Seterfolket reiste til fjells med dyra i fyrste halvdel av november og var der til ut i februar. Derimellom feira dei jul på setra.

Juleskråpå-tå blir servert desse adventskveldane kl 19:00. Bordbestilling.

Fredag 24. og laurdag 25. november
Fredag 1. og laurdag 2. desember
Fredag 8. og laurdag 9. desember

(Fredagskvelder same helger ved
bestilling av større gruppe)

JULEMENY


Tallerken med krema fiskesuppe med aure fra Tesse.

APERITIFF
***
JULESMAKAR
Lefse, rakfisk & sylte

Allergen: kveitemjøl, mjølk, sennep

Tallerken med krema fiskesuppe med aure fra Tesse.

KREMA FISKESUPPE

med heilag aure frå Tesse

Sesongens grønnsaker med urter frå Aukrust i Lom

Allergener:mjølk,sulfitt

Heimbåkå KAKU med Skjåkmjøl , krydder frå Aukrust og HARDBRØD

Allergen: kveitemjøl

Heilt sidan steinalderen har fjellauren i Tesse fått menneskje til å dra til fjells for å hauste av den framifrå råvara. No er det din tur til å nyte smaken som Kong Olav Heilage gav 10 gardar på Garmo einerett til.

SMELTA SÆTEROST

frå bordgrillen

Smakstallerken med spekemat og kjøt frå Brimi Gard

Salat og lokal rømme.

Allergener: mjølk,sesam

Når dei flakkande glørne frå bordgrillen varmar fram farge, lukt og smaksrikdom i Sæterosten, senkar ein heilt eigen stemning og atmosfære seg over sæterloftet. Ute på kvea strekk skuggane seg søvnig, inne er det berre godt å vere til.

Skråpå-tå kring langbordet er ein særs populær og sosial meny anten du kjem heilt åleine, i godt lag eller som større gruppe.

Grilling av kjøtt på ein av bordgrillane på låven.

SÆTERKJØT PÅ BORDGRILL

med bakte grønsaker og soppsaus

Raudkål, rotgrønsaker og poteter servert med ein krema soppsaus

Allergen: mjølk,sulfit

Jula er høgtid for samver kring gode måltid. Frå gamalt av vart det ikkje spart på noko i jula – då åt og drakk ein seg god og trinn for å feire at ein var komen midtvinters, at sola hadde snudd og dagane vart lysare.

Ureist urfe, velfødd oksekalv og bortskjemd sætergris er nokre av godbitane du gjerne legg på bordgrillen og tallerkenen under Skråpå-tå. Til å få fjellvatn i munnen av.

Tallerken på rad og rekkje med dessertsmakar.

DESSERTTALLERKEN

med smakar frå fjell og bygd

Vår eigen kreasjon med gamle tradisjonssmaker og nokon nye. No kan julekvelden berre kome!

Seterkaffe frå Lillehammer kaffebrenneri

Allergen: mjølk, kveitmjøl, egg

LOKALT BRYGG

Munngodt vart gardsølet gjerne kalla i gamle Gudbrandsdalen. Gjæra drikk høyrde med til det daglege brød, og mest kvar større gard brygga sitt eige øl og sterkare brygg. I dag er vi så heldige å ha handverksbryggeri i heimbygda Lom og brenneri i nabobygda Vågå.

Søte lokale druer må du leite lenger etter – men vi komponerar vinpakker som står godt til lokale smaker til alle måltid.

Juleskråpå-tå inkluderer velkomstdrink.

Under middagen:

Kulturformidling og feleslått

Musikk og muntleg historieforteljing høyrer seterkulturen til. På Brimi Seter er det sjølve identiteta – og lite set ein i julestemning som toner inspirert av fjellheimen.

Det var bestefar Hans W Brimi som tok initiativ til å vise fram setra og livet på setra til turistar og gjester. Hans fortalte gjestene om å vere gjetargut, om det viktige arbeidet budeia gjorde for garden – og om huldra. Vi såg at dei gripande historiene, i kombinasjon med feleslåttar, gjorde inntrykk på både yngre og eldre. Dette har vi tatt tak i og freista utvikle vidare – med bestefar Hans som eit stort førebilete og inspirasjon for både toner og historieforteljing.

Pris:

Kr 950 pr pers inkl velkomstdrink
 ( Eks drikke til maten)

Velkomen til ei triveleg førjulstid på setra!

Avbestillingsregler Skråpå-tå