Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Bestefar Hans W. og huldra

Bestefar Hans W. Brimi var gardbrukar og spelmann. Og ein av dei fremste folkemusikerane på 1900-talet både som utøvar og formidlar. Han spelte inn i nrk så tidleg som i 1933. Han vant Landskappleiken 13 gonger. Hans W. Brimi fekk fleire utmerkingar, bl.a. Kongens fortjenstmedalje i gull.

Han laga eit stort antal leikar sjølv, inspirert av sætra, naturen, huldra og tussefolket her.
Annbørg Lien har laga ein eigen slått til han som ho har kalla W.

Det var nettopp bestefar som tok initiativ til å vise fram setra og livet på setra til turistar og gjester. Hans fortalte gjestene om å vere gjetargut, om det viktige arbeidet budeia gjorde for garden – og om huldra. Vi såg at dei gripande historiene, i kombinasjon med feleslåttar, gjorde inntrykk på både yngre og eldre.
Dette har vi prøvd å ta tak i og utvikle vidare, og bestefar Hans er eit stort førebilete og framleis til stor inspirasjon for oss.

helsing282

I seterboka på Brimisetra datert 10. juni 1972 har Hans W. skrivi:

”Når eg nå skal skrive om eit opphald her i denne boki, så er det så vanskeleg å finne dei orda som verkeleg høyrer til dei følelser ein opplever nettopp her. Her finn ein alt. Rik natur og eit miljø som byggjer på tradisjonar, og for ikkje å gløyme den fred ein føler både inne i seg og rundt seg. Nettopp her får ein opp augo. Kor storfelt det er å ha eit rike som dette. Det er mest vemodig kvar gong ein snur ryggen til denne
setra. Når eg nå dreg på heimveg lat meg så få ynskja at seterstulen er liv laga, og at vi med liv og helse kan få gleda oss i lang tid over denne rikdommen”

Hans W. Brimi

Vi er så samde i alt bestefar beskriv her, og trur du som gjest vil føle det same.
Og vi er heilt sikre på at sjølv om setra har forandra seg sidan den gongen så hadde bestefar vore glad, rørt og utruleg stolt av det vi har fått til her på setra, om han hadde levd i dag.

Huldra og dei underjordiske

Hans var ofte på setra, spesielt etter at han tok til å lage leikar. Barndomen på setra og sogene om huldra var til inspirasjon når han laga leikane sine. Han trudde på huldra; hadde vi omtanke for dei, ville dei stelle godt med dyra og setra.
Det var rett og slett gamaldags overtru. I seterstugu fann han ro, her sat han ved peisvarmen og leika med tonar og klangar.

Det er mange huldersegner frå setra og Nordsetra

Her kan du lese ei av desse:

På Brimisetra var det ein gång ei ung budeie som heitte Embjørg. Ho hadde stort stell om sommaren, og hadde mange kyr å mjølke. Da det lei ut på sommaren, fekk ho slik ein lei verkefinger at ho var reint omkome. Ho hadde det så ilt med denne fingeren at ho mest ikkje visste si arme råd.Verst var det å mjølke.
Tidleg ein morgon sat ho og gret mens ho mjølka, fingeren var så ill. Som ho sat der og streva, kom det inn ei ljoshåra jente. Ho bar ei mjølkebytte på armen og ei litor treskål i hi handa. Jenta tala til ho Embjørg og sa: «Stakkar du. Eg og ho mor har gått og sett kor ilt det er for deg å mjølke med denne verkefingeren din. Eg kunne gjerne mjølke for deg, men det er så leit med slike som meg, at dersom eg skulle mjølke kyrne dine, så kom dei berre til å mjølke blod». Embjørg skjøna ingenting.
Jenta fortsatte: «Men sjå her! Eg tok med meg noko her som du skal smørje på verkefingeren din, så han kan bli god att».
Jenta flidde Embjørg den vesle treskåla og sa: «Tak denne skåla og bruk det som er på fingeren din. Og skåla skal du få hjå meg til minne om at oss har vore grannar i sommar. Eg har seter nedpå kveen her eg, nedmed den store steinen». Så snudde ho seg og gjekk, og da såg Embjørg at den framande jenta hadde ei rompe som hang og slong. Men salva ho fekk brukte ho, og dagen etter var verkefingeren bra.

Under kveldsmenyen vår » Skråpå tå», fortel Hans om setra og historiar frå her, og om bestefar. Kanskje får du også oppleve noko av denne stemninga ved at Hans spelar ein av slåttene, med fela Hans arva av bestefar sin.

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen