Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Overnatting og pris sommarsesong

Klikk deg inn på kvart bilde nederst på sida for meir info og pris om våre overnattingstilbod

Vi opnar sommarsesongen på setra 19. juni 2020.

Da flytter vi med oss dyra til seters og tilbyr overnatting, seterkafé på dagtid, og spesialretten vår «skråpå-tå» på kveldstid kvar kveld fram til 21. august.
Seterysteriet vil også vere i drift. Du kan fylgje ystinga via vindauge oppe på låven.

Dusjfasilitetar
Alle som bur hjå oss deler bad/ toalett/ dusj med fleire. Kvar bygning har 1 dusj.

Vi prøver å innfri ynskje om rom etter beste evne, men skifte av rom kan skje.
For info om frokost/matservering og anna info, som avbestillingsregler og anna, klikk her

Av overnatting på Brimi sæter har vi:
– rom i 3 seterhus
– ystloftet, (eit lite rom på låven med 2 senger),
– 9 brisker på låven.
– 2 lavo på tunet (kun sommarsesong.)

I alt ca 30 sengeplassar + evt ekstra soveplass/madrassar til barn.


Ynskjer du skråpå-tå i tillegg?

4- retters skråpå-tå blir servert på låven kvar kveld i sommarsesong og helger vår og haust.
Pris 705,- per pers. Ein mat og kulturoppleving vi trur du vil hugse ei stund.
Skråpå-tå kan du booke med om du vel å bestille overnatting via online bookinga vår.

Les meir om skråpå-tå her


Vår og haustsesong på Brimi sæter

varar frå midten av mai til 19. juni og 21. august til ut oktober. Da tilbyr vi helgepakkar. ( Firmapakkar midtveke)
Meir om vår/ haustsesong her


Online booking for sommarsesong

Vi legg snart ut «rom for rom» i onlinebookinga for sommarsesongen 2020.
Sommarsesong er frå 19. juni til 21. august.

Det er noko kronglete og raskt få oversikt på kor mange personar det er plass til på kvart av romma vi har på setra. Så derfor finn du dette under, og kan så søke på romnavn som passar dykk når dykk booker på dato.

Lik pris på alle rom i seterhus ved 2 personar på rommet.
(utanom Peisstugu i Embjørgstugu som vi leier ut som familierom med lik pris uavhengig av 2 eller 4 pers.)

Ved ekstra barn på rommet:
Kr 200 + evt leie av sengesett/hånkle til 75,-

Her kjem ei oversikt:

Kun plass til 2 PERSONAR
Ystloftet i låvebygning
Seterhuset Veslestugu – Rom Amanda
Seterhuset Veslestugu – Rom Andrea
Seterhuset Embjørgstugu – Rom Torfinna
Seterhuset Lyngvedstugu – Rom Borghild

Plass til 2 VOKSNE + evt 1 BARN:
Seterhuset Embjørgstugu – Rom Ilva
Seterhuset Embjørgstugu – Rom Ærløken
Seterhuset Lyngvedstugu -Rom Georg ( lita barneseng på rommet for barn 0-5 år)
Seterhuset Lyngvedstugu -Rom Ole ( familiekøye)
Seterhuset Veslestugu – Rom Ingunn ( familiekøye)

Plass til 2 VOKSNE + evt 2 BARN:
Seterhuset Embjørgstugu – Rom Peisstugu
Lavo 1 og lavo 2 på tunet som har rammemadrassar + madrass på gulv til evt barn.

Er dykk fleire enn 2 voksne og 2 barn kan dykk evt leie fleire rom/ lavo eller velja å sove på brisk.

Brisk på låven
I alt 9 brisker på låven, i same lokale som måltid vert servert. Små barn kan dele brisk. Dykk kan ha med sovepose/sengeklede sjølve.

Er dykk 6-10 pers og ynskjer å leie alle rom i same seterhus?

Da får dykk ei oversikt på kva seterhusa rommer her: ( Avhengig av at alle rom er ledig på valgt dato)

Embjørgstugu:  Ilva, Ærløken, Torfinna og Peistugu. Plass til 8 voksne + evt 4 barn
Seterhuset Veslestugu: Amanda, Andrea og Ingunn. Plass til 7 voksne ( leier ut ei ekstra seng på kjøken ved bestilling av heile seterhuset) + evt 1 barn.
Seterhuset Lyngvedstugu: Georg, Borghild og Ole. Plass til 6 voksne + evt 1 -2 barn.

Har du gavekort?

Ved booking av bord på skråpå-tå meny, send oss ein epost via kontaktskjema på nettsida.
Ved booking av overnatting med skråpå-tå, så kan du bestille i online bookinga. Alle gavekort er inkl sengeklede, så hugs legg til dette ved booking av brisk eller lavo. Og skriv i notatfelt at dykk har gavekort.
Booker du overnatting midtveke sommarsesong, og evt brisk/lavo, vil du ha litt pengar til gode på gavekortet, som du kan nytte til anna kjøp. Vi trekkjer frå summen på gavekortet frå ordre ved avreise.
Ved overnatting før og etter sommarsesong, send oss ein forespørsel via kontaktskjema på nettsida. Vi tek imot gjester frå midten av mai til ut oktober.

Velkommen til seters!

Klikk deg inn på kvart bilde under for meir info og pris om valgt overnattingstilbod:

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo