Ysting av BRIMI seterost


Å oppleve Brimi Seter skal vere eit steg inn i ein levande kultur der seterlandskap, beiting, mjølking, ysting, og smaksrikdom er viktige element. Vi ynskjer at setra skal vere ein læringsarena ved at alle som ynskjer får ta del i denne unike historia og den levende kulturarven vi er så heldige å få bidra til å forvalte. Følg gjerne ystinga av prisvinnaren Brimi Seterost heile vegen frå fjøs til fjøl.

YSTING

Sjå seterost bli til

Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg. I ysteriet vårt på Brimi seter lagar vi rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost.

Setermjølka er ei mykje finare råvare enn vanleg kumjølk. På grunn av høgfjellsbeitet får mjølka ein heilt eigen kvalitet. Vi merkar det tydeleg på smøret som blir gulare og osten som smakar meir. Vi har mange kyr av gamle kurasar. Desse er ekstra flinke til å utnytte fjellbeitet, og den særmerkte mjølkekvaliteten er avgjerande for ystinga.

Ysteriet har eigen modningskjellar der osten ligg gjennom vinteren. Luftfuktigheit og temperatur er regulert naturleg, fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde.

LÆR OM YSTING

På Brimi Seter kan du følge heile prosessen frå mjølking og ysting til lagring i modningskjellaren.

Mellom låveloftet og ysteriet har vi sett opp store vindauge, slik at du kan følgje med på ysteprosessen. Gangen i arbeidet les du i informasjonshefte ved sida av. Kanskje klarar du å finne ut kvar i prosessen dei er i ysteriet når du står og ser på?

Du har og høve til å sjå ostelageret vårt. Vi har besøksrom ved sida av modningskjellaren med vindauge, slik at du som er gjest kan sjå det ferdige produktet og osten som ligg til lagring.

Ferdig modna Seterost kan du smake under frukosten, til middag, eller kjøpe med deg heim.

PRISVINNANDE SETEROST

Vår vellagra Seterost nådde finala supergold i VM Bergen i 2018 og er således ein av verdas beste ostar!

Lagra Seterost fekk bronse. Ostane frå Brimi Seter har og 3 gullmedaljar i NM.

Vi har også fått fleire NM medaljar for andre produkt som er laga på Brimi seter.

Ola og gamlebudeia vår Embjørg Brimi

Embjørg – inspirasjon og førebilete

Embjørg Brimi (1927 – 2022) var budeie ved fjellvatnet Tesse nesten 60 somrar. Ho var vår store inspirator. Setra hadde ikkje vore det same i dag utan kunnskapen og inspirasjonen Embjørg ga oss. Embjørg tok opp at den gamle tradisjonen med separering og ysting på Brimi seter på 1980-talet. Ho lærte oss mykje om dei gamle produkta som vart laga på sætra. I 2006 fekk Embjørg Kongens fortjenestemedalje i for arbeidet som budeie gjennom eit langt liv.

Det er med takksemd og vemod vi ber med oss minna om vår store inspirator, gamlebudeia Embjørg.