SMAKEN AV JOTUNHEIMEN


Til alle tider har folk og fe søkt til Jotunheimen for å ete seg gode og mette. Setra vart sjølve kjelda til utvikling av matkultur, folkemusikk og den munnlege forteljarkunsten, som på mange vis er essensen i kulturbygdene øvst i Gudbrandsdalen. Vi gler oss til å by deg setersmaker i Jotunheimen, krydra med historiar og slåttar frå den rike seterarven.

Her finn ein alt. Rik natur og eit miljø som byggjer på tradisjonar, og for ikkje å gløyme den fred ein føler både inne i seg og rundt seg. Nettopp her får ein opp augo.
Bestefar og spelemann Hans W Brimi

Låverestaurant

Spisebordet var samlingspunkt for bonde og budeier, slåttefolk og spelemenn. I andre høgda på låven har vi innreia serveringslokal med langbord så tett på fjøset at du høyrer bjøllekua bli mjølka under føtene på deg.

Her samlast vi til måltid, samvær og kvile – med storslått utsyn over fjellvatnet Tesse.

Ei høgtid for både sjel og gane.

Langbordet på låven på Brimi sæter ferdig dekka for 4- retters skråpå-tå meny.
Låvebygninga på Brimi Seter, Lys i vindauge ein sein sommarkveld tydar på god stemning på låven

LOKALT BRYGG

Munngodt vart gardsølet gjerne kalla i gamle Gudbrandsdalen. Gjæra drikk høyrde med til det daglege brød, og mest kvar større gard brygga sitt eige øl og sterkare brygg. I dag er vi så heldige å ha handverksbryggeri i heimbygda Lom og brenneri i nabobygda Vågå.

Søte lokale druer må du leite lenger etter – men vi komponerar vinpakker som står godt til lokale smaker til alle måltid.

Seterkafé og tunservering

Når sola nærma seg høgste himmelkvelven og fyrste arbeidsøkta var unnagjort, samla seterfolket seg til dugurd – eit varmt måltid litt før det vi i dag kallar lunsj.

Seterkaféen på Brimi Seter byr på mektig rømmegraut, ureist spekemat, dampande kjøtsuppe og rømmevaflar til å bli lykkeleg av. Alt laga på setra med mjølk og kjøt frå eige fjøs og buskap. Baksten er sjølvsagt og elta fram av seterfolket.

Tallerken med rømmegraut og spekemat ute på setertunet.
Hans og Ola byr deg på mykje godt til frokost på Brimi Seter

Seterfrukost

Heldig er du som vaknar til ein ny dag på Brimi Seter. Start dagen med ein roleg kaffe på tunet, eller med frukostbuffét sett saman av lokale godbitar. Plukk med deg ein tallerken ureiste favorittar, finn deg ein stille flekk i solveggen og kjenn at livet er godt å leve. Til lyden av kubjøllene og synet av budeia som lokkar kubølingen ut på beite.

Frukost blir servert frå kl 8:30 til 10:00.

SeTERBUTIKK

Smakebit med heim frå setra?
I seterbutikken får du kjøpt foredla produkt av ureist mjølk, setergris og storfe. Mellom anna Brimi Seterost – med finaleplass supergold frå Oste-VM i 2018. Ysta med mjølk frå gamle kuraser på fjellbeite, modna i kjelleren og beskytta av hulder og tussfolk.

I butikken finn du og eit utval av anna lokalmat frå fjellbygder og beiter kring oss.

Spekepølse  og ost frå Brimi seter er noko av det du kan kjøpe i seterbutikken på Brimi Seter
Tallerkner med salat og spekemat på rad og rekkje.

STUTTREIST OG SMAKSRIKT

Reinare blir ikkje råvarer enn i Jotunheimen. Krystallklårt vatn rett frå kjeldene. Skarp luft og solrike dagar. Temperaturar så låge at kvar vekst rekk modnast med full smaksrikdom. Seterdrifta er for oss motsatsen til ei verd der fôr og husdyr blir kunstig stimulert og frakta over store avstandar med ditto miljøavtrykk.

På fjellbeite i Jotunheimen går dyra våre fritt og finn sjølve næringsrikt beite og mosjon heilt fram til slakt og foredling. Du kjenner det på smaken.