Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Velkomen til Brimi sæter

På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar,
eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor.
Du blir kjent med gardsdyra og historia,
og får sjå korleis mjølka vert til ost.
Her er vakker natur, ekte stillheit, og
kulturhistorie på sitt beste. Senk skuldrane.

 

Ta gjerne ein titt i brosjyra vår, for større visning,
trykk på firkant i nedre høgre hjørne.

 

 

Få eit innblikk i seterlivet i denne videoen:

 

Takk til  Bernard Vreugenhil som har laga filmen og til Annbjørg Lien som lar oss få bruke slåtten «W» som ho laga til minne om bestefar Hans W Brimi.


Meir om skråpå-tå meny og sæterosten vår i denne videoen:

Sommarsesong

Kvar sommar tilbyr vi overnatting og seterkafé kvar dag, og spesialretten vår «skråpå-tå» kvar kveld frå ca St. Hans og fram til ca skulestart.

Ynskjer du å overnatte, kan du nyte roa i fjellet på dagtid og avslutte med ein 4-retters setermeny ved langbordet, før du kryp under dyna i brisk på låven, lavvo eller rom i seterhus.

Vår/ Haustsesongen på Brimi sæter

Frå midten av mai til midten av oktober tilbyr vi overnatting torsdag – sundag utanom sommarsesongen. Da kan vi tilby overnatting med skråpå-tå meny, og 2 ulike helgepakkar, samt anna opplegg for firma/ grupper ved nærare avtale.
Vi stenger sist i oktober, men har ope for julebord med ein utvida skråpå-tå meny 2 helger nov/des.

Meir info, samt prisar finn du på hovedsida


Fekk du med deg Brimi sæter på Nordens Perler på TV3 i mars?

Jannecke Weeden og Stian Floer reiste rundt i Noreg, Sverige, Danmark, Island og Finland på jakt etter særegne plassar å besøkje. Vi var så heldige å bli utplukka som ein av dei, og fekk heile 9 av 10 perler!

Klikk her for å gå til programmet der Brimi sæter er med

(Brimi sæter kjem ca 25 min ut i episoden)
Heile serien finn du på Viaplay og Viafree.

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo