Brimi sæter

Bare enda et WordPress-nettsted

Neste

Avbestilling, div info

Avbestilling ved overnatting og bestilte måltid sommarstid, «enkeltpersonar»

Kostnadsfri avbestilling av overnatting og servering inntil kl 16.00 ( lokal tid) dagen før ankomstdag.
Avbestillingar som kjem seinare enn dette gjev oss rett til 100% erstatning for bestilte tenestar, (det fyrste døgnet ved fleire overnattingsdøgn.)

Avbestilling ved overnatting og bestilte måltid sommarstid, grupper og fellesbestillingar + helgepakker

(Gjeld på grupper på 6 pers eller fleire.)
Kostnadsfri avbestilling av overnatting og servering inntil kl 16.00 1 månad før ankomstdag.
Avbestillingar som kjem seinare enn dette gjev oss rett til 50% erstatning for bestilte tenestar (mat/ overnatting/helgepakkar) fram til kl 16.00 før ankomstdag. Avbestillingar som kjem seinare enn dette gjev oss rett til 100% erstatning for bestilte tenestar, da kun for det fyrste døgnet.

Disponering av rom/ overnatting.

Innsjekkingstid på rom/overnatting er ca etter kl 16.00, men det er berre å kome før den tid, da ein kan kose seg på setertunet/låven til rom er klargjort.
Utsjekk før kl 12.00 avreisedagen.

Frokost

All overnatting på setra er inkludert frokost.
Frokost sommarstid vert servert frå kl 08.30 – 10.00.
Dersom det er ynskje om tidleg frokost pga av topptur i fjellet, varsle oss, så ordnar vi dette.
Dersom heile setra er booka av gruppe, kan tid på frokost avtalast.

Middag

4- retters skråpå-tå har felles bordsetting kl 19.00. Denne vert servert  i  2. etasje i låvebygning kvar kveld i sommarsesong. Inngang via seterkafeen. (tunet).
Ved bestilling av taxi, så kan denne bestillast rundt 22.30 – 23.00 avhengig av kor mange som er tilbords om kvelden.

Matallergiar

Vi tilpassar meny og måltid på setra enten det er allergiar eller andre ting,
men vær da snill å gje beskjed til oss ved bestilling.

Sengeklede

Sengeklede er inkludert ved all overnatting på setra utanom brisker på låven i sommarsesong. ( Også inkludert i pakkepris ved helgepakkar vår og haust)
Når det gjeld brisker på låven kan ein ha med sengeklede/sovepose sjølv eller leige sengeklede hjå oss.

Hund

Du kan ha med hund på setra om du leiger rom i seterhus. Om dykk ikkje leiger heile seterhus, kjem det an på om evt andre rom er utleigd i dette seterhuset av andre gjester og om det er greitt for dei. Vi har og gåande mange dyr på setra, så det er viktig at hunden er roleg og vant med andre dyr. Vi ser helst at hunden ligg i bilen om natta, eller evt i gangen i seterhuset. Det er ikkje lov med hund i sengene. Det er ikkje lov med hund på låven.

For å ha med hund i seterhus/ lavo, kjem det eit tilleggsgebyr på kr 200,-

Nyttige nettsider for forskjellige tilbod i området

Brimi sæter ligg med ca 1 times køyretid til utgangspunkt tur til både Galdhøpiggen, Glittertind og Glitterheim. Vi ligg liksom midt mellom desse fine naturområdene.

Mange av gjestene våre kombinerer besøk hjå oss med ein slik fjelltur.

Området kan også tilby mange andre opplevingar og serverdigheiter, da finn dykk det meste på desse linkene: www.visit.jotunheimen.no ( mest Lom og omegn)
og www.nasjonalparkriket.no ( mest Vågå/ Sjodalen og nedover Gudbrandsdalen)

Om ein kun ynskjer ein roleg tur i fjellet, så er det berre smørja matpakke og vandre i veg frå setra.

Brimiskogen klatrepark ligg kun 1 km frå setra, og her kan heile familien teste ut høgdeskrekken sin. Meir info om opningstider og prisar her

 

Frå gjesteboka

  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag