Velkomen til
Smaksrik og særprega

Seteridyll i Jotunheimen

Langs tusenårgamle tråkk tek vi kvar sommar med oss dyra til seters i Jotunheimen. Mellom solsvidde tømmerveggar, med utsyn over fjellvatnet Tesse, har vi gjort draumen om det gode liv verkeleg – med minnerike måltid og overnatting, seterdyr og eventyr vi ynskjer å dele med deg.

Sesongar på Brimi seter

La kvardagen ligge og pulsen synke. Her finn du påfyll av levande seteridyll i Jotunheimen.

Brimi sæter speglar seg i sol ein vårmorgon.

Frå Midten av mai

Vår

Klukkande bekkar og irrgrønne spirer i ein fjellheim som vaknar til liv.

Helgepakkar med overnatting og Skråpå-tå meny

Kyr som skal på sommarbeite, med Brimi sæter i bakgrunn.

frå skuleferiestart

Sommar

Høgtid i høgfjellet. Setra yrar av liv og leik, samvær og minnerike måltid.

Servering, skråpå-tå, overnatting, seterkafé og seterbutikk.

Haustfargar i fjellet ved Brimi sæter.

Frå skuleferieslutt

HAust

Fargefest, sanking og hausting, Vår favorittid i fjellet – og kan hende di?

Helgepakkar med overnatting og Skråpå-tå meny

Vinterstid er Brimi Seter stengd.

Grill frå låverestauranten som viser  smelta ost. Serveres under skråpå-tå på Brimi sæter.

Skråpå-tå

Signaturmeny | Fire rettar

I tusener av år har seterlandet kring fjellvatnet Tesse vore spiskammers og matfat. Signaturmenyen vår på Brimi seter er tufta på ureiste råvarer frå eigne dyr og lokale mattradisjonar.

Skråpå-tå blir servert med kjærleik for seterlivet og djup respekt for generasjonane som har lært oss å hauste frå Jotunheimen. Krydra med historiar om folk og fe, huldra og dei underjordiske. Eit fire rettars påfyll for alle sansar.

SOVE PÅ SeTRA

Brisk | Rom | Låve | Lavvo

Skal du fyrst sova burt sumarnatta, så gjer det på Brimi Seter. Her kan du nyte natta og fjellheimen til fulle. Ekte seteridyll i Jotunheimen.

Vår, sommar og haust tilbyr vi overnatting i historiske og særprega tømmerhus. I lyse sommarnetter byr vi og på overnatting i lavvoar på tunet.

Kvinne kosar seg med ein kattepus i ein brisk på låven på Brimi Seter
Lavo på tunet med låvebygning og Tesse i bakgrunnen

ALT I EIN LÅVE

Måltid | Overnatting | Husdyr | Ysting

Tømmerlåven på Brimi Seter vart sett opp av tippoldefar som i 1906 fløtte heim frå Amerika. Det var impulsar derifrå som gjorde at låven vart så stor samanlikna med andre seterfjøs i Jotunheimen. Mellom veggar fulle av historie, finn du i dag restaurant og kafé, butikk og resepsjon, fjøs og ysteri, kjøken og overnatting. Så tett på dyra at du vaknar til ein ny dag av lyden av kubjøller og budeia som mjølker.

SeTERLIV

Husdyr | Ysting | Lokalmat

Frå gammalt av var setra samlingsplass for både beitedyr og budeier, slåttekarar og spelemenn, ungdom og dei underjordiske.

På Brimi Seter dyrkar vi samværet som lett oppstår i sæteridyllen – så ta gjerne del i seterliv og leik.

Ola i fjoset på Brimi Seter, søte små kattungar og kyr på bås
Brimi Seter ein fin sommardag. Kyr ruslar seg ut på sommarbeite.

SeTER-
HISTORIA

Kong Olav Heilage og fiskarar frå steinalderen, makalause spelemenn og driftige budeier – Brimi Seter er tufta på ei rik kulturhistorie.

FJELL-
EVENTYR

Frå øvste hylle i Jotunheimen

Fjellheimen har alltid lokka med eventyr og oppdaginger, utfordringar og naturopplevingar. Kring Brimi Seter ventar blenkande fjellvatn, storslått høgfjell og trolsk furuskog, – og nokre av dei største naturattraksjonane i landet.

Velkomen i eventyr til lands, vanns og i lufta med.

Hans og gardshunden Tessa nyt den fine naturen i heimfjellet ved Brimi Seter ein flott haustdag

SOMMAR PÅ SeTRA

På setra før i tida, yra det av aktivitet. I tunet, på kvea, i fjøset og i seterhusa seint og tidleg. På lyse sommardagar idag byr vi deg til lærerik oppdagingsferd – slik at du får oppleve levande setertradisjonar i ny innpakking.

Ola ynskjer deg velkomen til å helse på dyra på Brimi Seter. Her i seterfjoset saman med ku på bås og søte kattungar

Seter i TRADISJONELL drift

Hels på dyra

Hans og Ola i ostkjelleren med ost rundt seg på alle kantar.

HANDVERKET BAK PRISVINNANDE

seterost

Hans og Ola bak kafédisken i seterkafeen på Brimi sæter

STUTTREIST SMAKSRIKDOM

SeterkafÉ

gåvekort

Gje ei minneverdig oppleving til ho som har alt – eller til han som treng påfyll med seteridyll.

Oversiktsbilde frå sofakrok oppe på låven, med utsikt utover flott landskap frå store vindauge.

BRIMI SETER ER DEL AV

Brimiland

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst – i eventyrlege Vågå og Lom i Gudbrandsdalen.

Brimiland består av unike familiebedrifter som saman og kvar for seg byr deg gourmetmat og seterpensjonat, fjellstugu og massivtrehotell, seterysteri og lokalmatutsal, tømmerkoier og klatrepark – toppa av Arne Brimi sitt makelause lokalmatfat Vianvang.

Oversiktsbilde frå sofakrok oppe på låven, med utsikt utover flott landskap frå store vindauge.

BESTILLING ELLER SPØRSMÅL?

Høyr gjerne frå deg!

Brimi Seter
Smørlivegen, 2685 Garmo
Tlf: (+47) 400 75 153

Velkomen til seters!
Helsing Hans, Ola og seterfolket på Brimi